Læreplankoblet

Blinkande lys

Stikkord: Felles multiplum

Aktivitet

Nora ser tre varsellys for fly på toppen av nokre høge bygningar i byen.

Spørsmål 1:

Ho ser først på to lys som blinkar samtidig, og etter det blinkar eitt av dei kvart fjerde sekund, medan det andre blinkar kvart femte sekund.
Kor mange gonger blinkar desse to lysa samtidig i løpet av eit heilt minutt?

Tre skyskrapere med blinkende lys på toppen.

Spørsmål 2:

Nora ser så på det tredje lyset. Først blinkar det samtidig med dei to andre, og så blinkar det éin gong kvart sjuande sekund. Kor lang tid tek det før dette lyset blinkar samtidig med dei to andre lysa?

 

Starthjelp

  • Når blinkar det første lyset?

  • Når blinkar det andre lyset?

  • Når blinkar dei samtidig?

  • Korleis kan du finne ut når dei blinkar samtidig igjen?

 

Løysing

Løysingsforslag 1

Håndskrevet løsningsforslag til oppgaven.

Løysingsforslag 2

Håndskrevet løsningsforslag til oppgaven.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne oppgåva eignar seg godt til å introdusere felles multiplum, og det går også an å setje fokus på ulike måtar å notere på.

Mogleg tilnærming

Del klassen i to grupper. Den eine gruppa klappar kvart tredje slag, og den andre klappar kvart sjette slag, medan du tel slaga. Be dei om å fortelje deg når dei trur at alle kjem til å klappe samtidig. Prøv andre rytmar på same måte, til dømes 3 og 4. Kan elevane forklare kvifor alle endar opp med å klappe samtidig på visse slag? Kan dei finne ut av det utan å klappe?

Etter det kan du introdusere konteksten med dei blinkande lysa, og la elevane arbeide parvis. Stopp dei etter ei lita stund, og be dei om å dele nokre av framgangsmåtane sine i plenum. Framhev bruk av notat for å halde orden på arbeidet. Nokre elevar skriv kanskje berre ned tala i dei gongetabellane det gjeld, medan andre skriv ned alle tala og strekar under eller sirklar rundt tala som er av interesse. Andre bruker kanskje fargar i eit hundrekart. De kan diskutere fordelane ved dei ulike vala. I dette tilfellet noterer elevane berre for sin eigen del. Ville dei gjort noko annleis om dei måtte lage notat som andre skulle forstå?

Skal «startblinket» teljast med (slik at svaret blir 4)?  Dette kan gjerne diskuterast med elevane og dei kan vere med på å bestemme.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Når blinkar det første lyset?

  • Når blinkar det andre lyset?

  • Når blinkar dei samtidig?

  • Kva legg du merke til når dei blinkar samtidig?

  • Kan du finne ut når dei blinkar samtidig igjen? Korleis?

  • Korleis kan du få vist meg kva/korleis du tenkjer? (t.d. teikning, tallinje, hundrekart)

 

Ressursen er utviklet av NRICH

8