Frukt på rad
Problem
Ein kjøpmann plasserer appelsinar, ferskenar, eple og bananar på ei rad, slik at kvar frukt ligg ved sida av kvar av dei andre typane frukt ein eller annan stad i rada.
Kva er det minste talet på frukt i rada for at dette skal vere mogleg?
Løysing
Kvar enkelt frukt kan liggje ved sida av maks to andre frukter. Men kvar frukttype må vere ved sida av tre andre typar frukt, så det må vere minst to av kvar frukt. Då får vi 8 frukter totalt, og dette viser seg å vere nok:
A E B F A B E F (A for appelsin, F for fersken, E for eple, B for banan)
Ressursen er utviklet av NRICH