Læreplankoblet

Skulemat

Problem

Ein skule i England tilbyr elevane sine dei same rettane til middag kvar dag. Elevane kan velje mellom dette:
Forrett: suppe eller salat
Hovudrett: pasta, fiskekaker, pizza, hamburgar eller wok
Dessert: riskrem, kake eller fruktsalat
Ein elev endrar kvar rett kvar dag, og prøver kvar rett etter tur. Det vil seie at han går tilbake til suppe dagen etter salat, til pasta etter wok og til riskrem etter fruktsalat.
I dag skal eleven ete suppe, pasta og riskrem.
Kor mange skulemåltid et eleven før han set seg ned med dei same tre rettane igjen?

 

Løysing

Suppe vil vere forrett i annakvart måltid. Pasta vil vere hovudrett i kvart femte måltid. Riskrem vil vere dessert i kvart tredje måltid.
2, 5 og 3 har ingen felles faktorar. Det betyr at eleven vil ete 2 ⋅ 5 ⋅ 3 = 30 skulemåltid (minste felles multiplum) før han får same kombinasjonen av rettar.

Ressursen er utviklet av NRICH

8,9