Læreplankoblet

Hårfargar

Stikkord: Trediagram

Aktivitet

Ingunn var lærar på barneskulen. Ein dag tok ho fram kubar (klossar) (sjå biletet under) i forskjellige fargar.
Alle gutane tok ein raud kube, og alle jentene tok ein grøn kube.

Så tok elevane ein svart kube dersom dei hadde mørkt hår, og ein gul kube dersom dei hadde lyst hår. Dei sette kubane sine saman.

Dei forskjellige para såg då slik ut:

Fargede kuber i par.

Elevane vart delte inn i fire grupper, avhengig av kubepara dei høyrde til. Kan du forklare kva dei forskjellige kubepara står for?

Ingunn viste elevane korleis dei vart delte inn i grupper: ved hjelp av eit trediagram.

Nedst stod alle dei forskjellige kubepara. Så delte treet seg i to greiner. Dei raude kubane gjekk til venstre, og dei grøne kubane gjekk til høgre.

Så delte greinene seg igjen, avhengig av om dei inneheldt svarte eller gule kubar. Dermed var det fire greiner på treet.

Her er trediagrammet:

Trediagram

Neste dag gjorde klassen det same igjen, men denne gongen hadde elevane tre kubar kvar. I tillegg til grøn eller raud, og gul eller svart, tok dei ein brun kube dersom dei hadde brune auge, og ein blå kube dersom dei hadde blå auge.

brun og blå kube

Kor mange forskjellige grupper vart det då? Kan du lage eit nytt trediagram?

Korleis kan du vise det i diagrammet dersom ingen har mørkt hår og blå auge?

Starthjelp

Du kan lage eit trediagram ved å bruke kubar, eller du kan bruke fargar og teikne på eit ark.

 

Løysing

Daniel og Theo har sendt inn dette trediagrammet:

løsning diagram

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne aktiviteten er designa for å introdusere og bruke trediagram på ein praktisk måte med dei yngste elevane. Dei treng centikubar eller multilinkkubar i forskjellige fargar, fargestiftar og nokre store ark.

Mogleg tilnærming

Begynn med å utføre aktiviteten slik som Ingunn gjorde i sin klasse. Elevane tek ein kube, avhengig av om dei er jente (grøn kube) eller gut (raud kube), og deler seg i ei grøn og ei raud gruppe. No må dei sjølve avgjere om dei har lyst eller mørkt hår (kanskje kan dei hjelpe kvarandre med å bestemme det), og deretter ta ein gul eller ein svart kube.

Så kan dei setje dei to kubane saman. Kva fortel desse gruppene oss? La elevane stille seg saman med andre som har same kombinasjonen av kubar som dei. Då blir det fire grupper. Be dei forklare kva grupperingane betyr.

Vis fram trediagrammet på tavla. La elevane snakke saman og diskutere kva biletet viser. Kan nokon forklare det dei ser? Legg merke til om dei har forstått at trediagrammet illustrerer det dei nettopp har gjort.

Seinare (det kan vere neste dag) ber du elevane ta ein kube til som svarar til augefargen deira (dei bestemmer sjølve om dei har brune eller blå auge). Deretter kan dei arbeide i par eller små grupper med å lage det nye trediagrammet.

Arbeid som elevane gjer, kan visast fram og diskuterast, og kanskje kan dei lage eit oppsummerande trediagram til slutt. Nokre av elevane har kanskje begynt på treet ved å sortere augefarge i staden for jente/gut, slik som i det opphavlege diagrammet. Dette kan det vere interessant å diskutere – har det noko å seie kvar ein begynner?

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kva fargar vel du? Korleis bestemmer du det?
  • Kor mange forskjellige grupper blir det?
  • Kan du lage eller teikne eit nytt trediagram?
  • Korleis blir diagrammet dersom ingen har mørkt hår og blå auge?

Mogleg utviding

Elevar som synest at aktiviteten blir for enkel, kan ta med andre kriterium som dei vel sjølve.

Mogleg støtte

Denne aktiviteten eignar seg best til samarbeid, så oppmuntre elevane til å snakke saman og arbeide i lag. Somme som får til å lage trediagrammet med kubane, kan streve med å teikne det på papir, og dei kan trenge litt ekstra rettleiing i det. Det å ta eit bilete av kubearbeidet deira kan vere til hjelp.

Ressursen er utviklet av NRICH

8