Læreplankoblet

Medaljekampen

Aktivitet

Her ser du dei topp 10 medaljevinnande nasjonane i dei olympiske sommarleikane i 2012:

Medaljeoversikt OL i London 2012

Viss landet ditt ikkje står på lista, kan du finne resultata på nettet og samanlikne dei med resultata i tabellen.

  • Korleis trur du at posisjonane har vorte bestemt?
  • Kunne resultata ha vorte presenterte annleis, slik at ein annan nasjon fekk førsteplassen?
  • Korleis ville det påverka dei andre plasseringane i tabellen?
  • Kvar trur du Noreg ligg på tabellen? Kvifor trur du Noreg ligg der?

 

 

Starthjelp

  • Sjå på det samla talet medaljar for dei ulike landa. Finn du noko overraskande?

  • Sjå på tala i kvar medaljekategori. Kva legg du merke til?

 

Løysing

Gullmedaljane bestemmer rekkjefølgja av landa i tabellen.

Men det kunne kanskje vore endra, slik at det var totalen som talde? Eller kanskje noko anna?

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne aktiviteten gir elevane høve til å utvikle ferdigheitene sine i dataanalyse, og dei får øve seg i å vurdere kritisk korleis data blir presentert for dei.

Mogleg tilnærming

Presenter tabellen og be elevane fortelje kva han viser. Forklar kvar han kjem frå, og korleis han kan ha vorte laga. Oppmuntre elevane til å sjå på variasjonen i talet på medaljar av kvar type, totalen og begge delar.

Gode rettleiingsspørsmål    

  • Kva er det som avgjer plasseringa til dei ulike nasjonane?

  • Er det nokon nasjonar som har like mange gullmedaljar, like mange sølvmedaljar, like mange bronsemedaljar?

  • Synest du plasseringane er rettferdige? Kvifor / kvifor ikkje?

Mogleg utviding

Oppfordre elevane til å tenkje kreativt på eit mogleg poengsystem, til dømes 3 poeng for gull, 2 for sølv og 1 for bronse. Be dei undersøkje korleis det vil påverke plasseringane i nasjonane i tabellen.

Vidare utforsking kan gå ut på at elevane skal vere rådgivarar for dei ulike nasjonane, og sjå på kva sportsgreiner dei bør fokusere på for å få ei betre plassering. Då må elevane finne og vurdere fleire opplysningar.

Kan elevane lage eit system som kan vere meir rettferdig, eller som plasserer favorittnasjonen deira øvst?

Det kan vere interessant for elevane å vurdere andre faktorar som kan påverke ein nasjons prestasjonar i OL, slik som folketal og økonomiske forhold. Ekstra interesserte elevar kan lese meir her.

Mogleg støtte

Oppfordre elevane til å fortelje deg og kvarandre kva innhaldet i tabellen betyr. Du kan starte med å stille slike konkrete spørsmål:

  • Kor mange gullmedaljar har Kina?
  • Kva land står øvst i tabellen?

Når elevane har fått godt grep om betydninga av datamaterialet, kan dei gå vidare til hovudinnhaldet i aktiviteten.

 

Ressursen er utviklet av NRICH

8,9