Jorda Rundt
Aktivitet
Du er deltakar i ein konkurranse om å reise rundt jorda på kortast mogleg tid. Reglane er som følgjer:
- Du må starte og avslutte i Oslo.
- Du må vere innom minst éin stor by i kvar verdsdel, bortsett frå Antarktis.
- Oslo tel ikkje som besøk i Europa.
- Bruk internett til å finne destinasjonar og reisetider
Starthjelp
Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering.
Mogleg tilnærming
I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.
Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.
Mogleg støtte
Kvar gruppe får ei utskrift av vedlagde verdskart med tidslinjer.
La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.
- Kva reisemåtar kan du velje?
- Kva tidssoner må du krysse for kvar reise?
- Kan du markere aktuelle byar på kartet?
For mellomtrinnet kan oppgåva avgrensast til reise i Europa. Start i Oslo. Deretter må ein besøkje fire byar som ligg høvesvis nord, sør, aust og vest for Oslo.
Ide henta frå Peter Liljedahl, "Race Around the World", https://www.peterliljedahl.com/teachers/numeracy-tasks.
Ressursen er utviklet av Matematikksenteret