Bortekamp
Aktivitet
Laget ditt skal spele bortekamp.
Kor mange bilar treng de for å komme til kampen?
Starthjelp
Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering.
Mogleg tilnærming
I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.
Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.
Mogleg støtte
La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.
- Kor mange skal vere med?
- Kven skal vere med? Spelarar/trenarar/foreldre/søsken?
- Kor mange kan sitje på i kvar bil?
Mogleg utviding
De skal reise saman med laget i aldersklassen over eller under. Utvidinga gir moglegheiter for å arbeide med større tal og ukjend informasjon om bilstorleikar og kor mange foreldre/søsken som er med.
Ressursen er utviklet av Matematikksenteret