Idrett og testresultat
Aktivitet
Olympiatoppen har testa idrettsutøvarar i Noreg i spenst og hurtigheit. Sjå vedlegg for resultat.
Kva idrett har dei beste utøvarane basert på testresultata?
Starthjelp
Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering.
Mogleg tilnærming
I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.
Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.
Mogleg støtte
La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.
- Er like mange utøvarar testa for alle idrettane?
- Kva betyr +- bak dei ulike resultata? Kva har dette å seie for dei ulike resultata?
Mogleg utviding
Lag eit system slik at du kan rangere dei ulike idrettane, basert på testresultata.
Ressursen er utviklet av Matematikksenteret