Godtepose 2
Aktivitet
Du inviterer til bursdagsselskap og de blir fem barn til saman. Mamma har kjøpt inn godteri, og du skal fordele alt godteriet i fem godteposar så rettferdig som mogleg.
Korleis vil du fylle dei fem godteposane?
Starthjelp
Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering.
Mogleg tilnærming
I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.
Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.
Mogleg støtte
La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.
- Kva er rettferdig? Må talet på bitar vere likt eller har storleik på godteriet noko å seie?
- De må fordele alle bitane.
Sjå også Godtepose, for ein litt annan oppgåve.
Ressursen er utviklet av Matematikksenteret