Cristiano Ronaldos lønn
Aktivitet
«Cristiano Ronaldo (37) ankom Saudi-Arabia mandag og presenteres for klubben Al-Nassr FC rundt 17.00 i dag. Portugiseren har skrevet under på en kontrakt som løper fram til sommeren 2025.
(…)
Flere medier og journalister, deriblant overgangsguru Fabrizio Romano og Al Ekhbariya, hevder at Ronaldo vil motta en lønn på 200 millioner euro i året (over to milliarder kroner), inkludert kommersielle avtaler.
For å sette det i kontekst: Ronaldo vil få over 38 millioner kroner i uka, snaut 5,5 millioner kroner om dagen, rundt 228 000 kroner i timen eller 3800 kroner i minuttet.»
Utdrag henta frå: https://www.dagbladet.no/sport/ronaldos-nye-monsterlonn/78204057
Vel éin butikk og lag ein plan for bruk av tid og pengar. Du skal planleggje for å handle fysisk i butikken og ta med alle varene heim.
Greier de fortløpande å bruke opp det Ronaldo tener?
Starthjelp
Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering.
Mogleg tilnærming
I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.
Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.
Mogleg støtte
La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.
-
Kor lang tid vil det ta å gå inn i ein butikk og kjøpe ei vare? Kor lang tid vil det ta å få med seg varet heim? Og kor mykje har Ronaldo tent på den tida?
-
Kor mange varer har butikken på lager og kor ofte har dei varelevering?
Formålet med oppgåva er å gi elevane eit forhold til kor stor årslønna er. Det kan vere eit godt grunnlag for å snakke om korleis fordelinga av økonomiske ressursar er i verda.
Ressursen er utviklet av Matematikksenteret