Skiskyting
Aktivitet
I normaldistansen i skiskyting får utøvarane eitt minutt i tilleggstid for kvar bom på blinkane. Ta utgangspunkt i resultata frå ei øving i eit OL eller VM.
Korleis skulle reglane for tilleggstid vore for at dei norske utøvarane skulle komme lengst mogleg opp på resultatlista?
Starthjelp
Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering.
Mogleg tilnærming
I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.
Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.
Mogleg støtte
La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.
- Kva om utøvarane hadde fått 2 minutt i tilleggstid? Kva med 30 sekund?
Mogleg utviding
Ta i bruk dei nye reglane på andre resultatlister, gjerne på tvers av kjønn og årstal. Vil dei norske utøvarane framleis ha gjort det betre?
Ressursen er utviklet av Matematikksenteret