Læreplankoblet

Pengeposar

Aktivitet

Jon fordelte 15 kroner på fire små posar.

Thumbnail

På kvar pose skreiv han kor mange kroner det var inni.

Etter det kunne han betale kva sum som helst frå 1 krone til 15 kroner utan å opne nokon av posane.

Kor mange kroner hadde Jon lagt i kvar pose?

 

Starthjelp

  • Korleis kan du betale 1 krone?

  • Kva treng du for å betale 2 kroner?

  • Hjelpar dette deg viss du skal betale 3 kroner?

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåvan?

Dette er ei oppgåve med låg inngangsterskel, der elevane må arbeide systematisk.

Mogleg tilnærming

For at elevane skal forstå problemstillinga, kan det vere lurt å reversere situasjonen. Teikn to posar på tavla, og merk dei med «1 krone» og «3 kroner». Be elevane foreslå kor mykje du kan betale ved å bruke desse posane utan å opne dei (1 krone, 3 kroner og 4 kroner). Introduser endå ein pose som inneheld 5 kroner. Spør denne gongen kva summar elevane ikkje kan betale ved å bruke desse posane utan å opne dei (2 kroner, 7 kroner og alt som kostar 10 kroner eller meir). Du kan gi dei tid til å finne ut av dette i par.

Be deretter elevane om å dele løysingane sine i plenum, og trekk fram systematiske tilnærmingar, til dømes at dei starter med den minste summen og arbeider seg oppover ei krone om gongen. Du kan så introdusere oppgåva i sin heilskap. Gi elevane tid til å arbeide i par før dei igjen får dele ideane sine i plenum. Dei skal forklare framgangsmåten sin før dei gir det endelege svaret.

Heile klassen kan så sjekke moglege løysingar ved å lage alle summane frå 1 til 15. Du kan også trekkje fram ulike måtar å notere på, avhengig av kva elevane har gjort. Diskuter fordelane ved kvar metode, og spør elevane om dei ville notert på ein annan måte viss nokre andre skulle lese og forstå det dei hadde skrive. Dette gir høve til å peike på at vi ofte noterer oss ting på ulike måtar, avhengig av kva vi skal bruke det til, og kven som skal lese det.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Korleis kan du betale 1 krone?

  • Kva treng du for å betale 2 kroner?

  • Korleis vil du forsikre deg om at du kan betale alle summar mellom 1 og 15 kroner?

Mogleg utviding

Du kan utfordre elevane ved å spørje kor mange kroner dei ville trunge i ein femte pose, for å lage så mange summar som mogleg frå 15 og oppover.

Mogleg støtte

Bruk av konkretar kan vere nyttig for nokre elevar. Ha gjerne nokre små posar og brikker i nærleiken, og oppmod elevane til å teste ut ideane sine.

 

Ressursen er utviklet av NRICH

8