Taltårn

Aktivitet

Vi startar med fire tilfeldige tal, men ikkje 0.

Thumbnail

Så legg vi saman tala parvis og plasserer dei nye tala over, slik:

Thumbnail

Deretter legg vi saman dei nye tala parvis og plasserer dei nye tala over på same måte, slik:

Thumbnail

 

Til slutt legg vi saman dei to siste tala og plasserer det siste talet på toppen, slik:

Thumbnail

 

  • Vel fire nye tal som gjer at talet på toppen blir 15.

  • Finn så mange døme på fire starttal du greier, som gjer at talet på toppen blir 15.

  • Finn du eit system? Kan du beskrive det?

  • Kvar kan det lønne seg å starte?

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne oppgåva utfordrar elevane til å vere kreative matematikarar. Dei må leite etter mønster og system, lage hypotesar og kontrollere dei, og dei må bruke det dei allereie kan, i nye samanhengar. Kreative matematikarar prøver seg fram med døme, teiknar, eksperimenterer og stiller gode spørsmål.

Mogleg tilnærming

Denne aktiviteten fungerer både i individuelt arbeid og som gruppearbeid, men vi tilrår at elevane får høve til å dele og diskutere løysingar med kvarandre.

Ein måte å organisere aktiviteten på er å introdusere oppgåva felles for alle elevane, til dømes på smartboard. Det er viktig at dei noterer ned svara dei finn og strategiane dei bruker. Kopioriginalar til å fylle ut tal finn du her.

Etter at elevane har arbeidd ei stund med oppgåva, bør dei få høve til å diskutere med kvarandre. Plasser dei i grupper på 2–3 elevar. Viss dei allereie har arbeidd i grupper, kan du la dei diskutere vidare. Rettleiingsspørsmåla kan vere til hjelp vidare i arbeidet.

Sett av tid på slutten av timen til å løfte fram løysingar og strategiar i plenum. Skriv dei opp slik at dei blir tilgjengelege for alle elevane. Diskuter likskapar og forskjellar i løysingane.

Ein diskusjon som kan dukke opp i gruppene og i plenum, er når to løysingar har like tal, berre på ulik plass, til dømes:

Thumbnail

Det er ikkje eit rett eller feil svar i dette tilfellet, men det er eit døme på at det ofte må bestemmast eit kriterium for opne oppgåver som denne.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kva har de funne ut? Har de eit system?

  • Er det noko spesielt med dei fire tala nedst? Er det nokre tal som går igjen? Kvifor er det slik?

Mogleg utviding

  • Kan du lage tårn med andre reknereglar? Kva skjer om det er lov å bruke 0? Kva med negative tal?

  • Lag eit tårn med 5, 6, 7 … tal nedst.

 

Ressursen er utviklet av NRICH

8