Måle ved hjelp av tre stavar
Aktivitet
I denne oppgåva kan du berre bruke tre stavar til å måle ulike lengder. Alle lengdene i denne oppgåva er heile tal.
Først skal du bruke stavar med lengd 3, 4 og 6 einingar.
Figurane nedanfor viser korleis du kan måle lengdene 1, 3, 5 og 7.
-
Korleis vil du måle lengda 2?
-
Det er stavar for 4 og 6, så det er mogleg å måle alle lengder frå 1 til 7. Vis at du får til alle.
-
Overtyd deg sjølv om at du ikkje kan måle lengd 8.
-
Kor mange tal større enn 8 kan du leggje med desse stavane?
-
Kan du finne andre sett med tre stavar som kan brukast til å måle alle lengder frå 1 til 7?
-
Kva med 1 til 8?
-
1 til 9?
-
1 til …?
-
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
Gjennom denne oppgåva får elevane øving i å kombinere tal, addere og subtrahere, slik at dei får gitte tal til svar.
For nokre elevar vil det vere nyttig å arbeide med konkretar som stavar med faste lengder, evt. pappstrimlar. For andre kan det vere nok å teikne, medan igjen andre vil tenkje at det heile handlar om å bruke summar og differansar av tre gitte tal.
Du finn ein kopioriginal med oppgåva i menyen til venstre.
Mogleg utviding
Det finst fleire ting å undersøkje vidare, fleire matematiske spørsmål å stille. Til dømes:
-
Finst det berre eitt sett med tre ulike stavar som er slik at du kan måle det største talet etterfølgjande lengder?
-
Kva viss du kunne bruke fire ulike stavar?
-
Finst det nokon måte å avgjere kor lange stavar ein treng i alle tilfelle?
-
Er det nokon rask måte å avgjere kor langt ei mengd stavar kan la deg måle?
-
Kva ville skje viss du berre fekk addere lengder, og ikkje subtrahere?
Ressursen er utviklet av NRICH