Fire på rad
Problem
I spelet fire-på-rad, er det to spelarar som etter tur plasserer brikker på eit brett med 5x5 plassar. Vinnaren er den spelaren som først klarer å få fire brikker på rad anten vassrett eller loddrett (men ikkje diagonalt).
Det er blå sin tur til å ta neste trekk på brettet. Kvar bør ho plassere si fjerde brikke slik at ho kan vere sikker på å vinne med sitt femte trekk, same kva kvit vel å gjere? Forklar kvifor.
Tilleggsspørsmål:
- Kan kvit vinne viss det er hennar tur i staden for at det er blå sin tur? Kvar bør ho i så fall leggje brikka si?
- Tenk deg at det er kvit sin tur, og ho legg brikka si i ruta med x som i biletet under. Korleis trur du spelet vil halde fram etter det? Kven vinn viss begge speler så lurt som mogleg?
- Finst det nokon strategi for å vinne dette spelet?
- Går det an at spelet endar i uavgjort?
- Viss det finst ein strategi, lønner det seg å starte? Kvar er det i så fall lurt å leggje den første brikka?
Løysing
Viss blå legger si fjerde brikke der krysset står, vil ho, same kva kvit gjer, kunne vinne ved å plassere si neste brikke i eitt av dei nedste hjørna.
Ressursen er utviklet av NRICH