For eit samantreff!
Problem
Vi har to aritmetiske følgjer:
1998, 2005, 2012 … og
1996, 2005, 2014 …
Kva tal etter 2005 er det første som finst i begge følgjer?
- Kan du lage eit dataprogram som finn dette talet?
- Kan du utvide programmet slik at det finn fleire tal som er i begge følgjene?
Starthjelp
Kva er ei aritmetisk følgje?
- Ei aritmetisk følgje er ei talfølgje der differansen mellom to ledd som følgjer etter kvarandre er konstant. T.d. 4 - 7 - 10 - 13. Her er differansen mellom to etterfølgjande ledd 3.
- Kva er differansen mellom to og to etterfølgjande ledd i følgja 1998, 2005, 2012, … ?
- Og kva er differansen mellom to og to etterfølgjande ledd i følgja 1996, 2005, 2014, … ?
Løysing
Begge følgjene inneheld 2005, og den eine følgja aukar med 7 for kvart ledd, den andre med 9 for kvart ledd. Vi må finne eit ledd der auken frå 2005 er eit tal som både 7 og 9 går opp i.
Det minste heile talet som både 7 og 9 går opp i, er 63, så det neste leddet som vil finnast i begge talfølgjene er
2005 + 63 = 2068
Ressursen er utviklet av NRICH