Fleire brukte geobrett for å representere menneska i landsbyen.
Lukas og Christoffer:
Kaja og Helle:
Martine, Kasper og Adrian:
Kristoffer og Torarin:
Tenk deg at befolkninga i verda (ca. 7 700 000 000 menneske) er representert i ein liten landsby med 100 innbyggjarar, slik at kvar innbyggjar representerer omtrent 77 millionar menneske i den verkelege verda.
Her er eit eksempel:
I landsbyen er det 100 menneske:
eller eller
Kva for ein representasjon viser oss dei 100 menneska på best mogleg måte? Kvifor?
Her er eit anna eksempel:
I landsbyen er det 61 personar frå Asia, 13 frå Afrika, 12 frå Europa og 8 frå Sør-Amerika, Mellom-Amerika og Karibia. 5 er frå Canada og USA, 1 er frå Oseania. Korleis kan vi representere dette?
Asia | 61 |
Afrika | 13 |
Europa | 12 |
Sør-Amerika, Mellom-Amerika og Karibia |
8 |
Canada og USA | 5 |
Oseania | 1 |
eller
eller
eller
Alle representasjonane viser same informasjonen.
No kan du representere meir data frå landsbyen på din eigen måte.
Elektrisitet:
76 personar har elektrisitet, 24 har ikkje det.
Luft og vatn:
82 personar har tilgang til trygt og reint vatn, anten heime eller i nærleiken. 18 har ikkje det og må bruke store delar av dagen på å skaffe vatn som er trygt å drikke. Dei fleste som hentar vatn, er kvinner og barn.
64 har tilgang på kloakksystem, medan 36 ikkje har det.
68 pustar inn rein luft, medan 32 pustar inn luft som er farleg på grunn av forureining.
Her er nokre eksempel som kan inspirere til nye idear.
Vaksne i landsbyen som ikkje kan lese:
Barn i landsbyen som går / ikkje går på skule:
Kan du kome på andre måtar å vise dette på?
Det å la elevar vurdere ekte data er ein svært verdifull prosess.
Datamaterialet i denne aktiviteten tek utgangspunkt i den verkelege verda, og kan difor opplevast som både engasjerande og meiningsfullt. Det handlar om alvorlege saker.
I tillegg til å tolke ekte data får elevane høve til å vurdere korleis data blir presenterte og tolka. Når det same datamaterialet blir representert på forskjellige måtar, kan det gjere elevane nysgjerrige på effekten av representasjonar. Dei blir også meir klar over korleis dei sjølve kan representere data effektivt.
Her er det mange måtar ein kan bruke matematikk på i kvardagslivet. Omgrepa «meir», «mindre» og «forskjell» blir dekte i samband med diskusjonen av datamaterialet. Avhengig av representasjonane til elevane kan tema som tilnærma verdiar, brøk og forhold også inkluderast.
Gjennom prosessen vil elevane få forståing av korleis antal kan sjå ut. Ettersom landsbyen har 100 innbyggjarar, kan dette knytast til prosent i arbeid med eldre elevar.
Her er det også rom for tverrfaglege diskusjonar om verda – geografisk, sosialt og økonomisk (seie noko om tverrfaglege tema meir eksplisitt?).
Begynn med å forklare at befolkninga i verda (ca. 7 700 000 000 menneske) er representert i ein tenkt liten landsby med 100 innbyggjarar, slik at kvar innbyggjar representerer omtrent 77 millionar menneske i den verkelege verda.
Del bileta med elevane, og be dei tolke informasjonen. Det kan vere nyttig å ha tilgang til eit verdskart under arbeidet. Diskuter fordelane med dei ulike representasjonane. Du kan også vurdere å bruke 100 barn for å representere landsbyen. Det kan vere ekstra engasjerande når dei begynner å diskutere ting som rikdom, elektrisitet, TV og liknande. Set at elevane er ein av dei 100 som ikkje har elektrisitet eller TV?
La elevane arbeide i grupper, gi dei eit datasett frå landsbyen (anten frå oppgåva eller eit du vel sjølv), og be dei velje korleis dei vil representere det. Nokre ting vil vere lettare å representere enn andre, så her kan aktiviteten tilpassast nivået til elevane.
Gi dei gjerne eit utval av hjelpemiddel som dei kan bruke i arbeidet sitt, for eksempel kubar, teljebrikker, post-it-lappar, bilete som kan klippast ut, ark og fargestifter, pasta eller perler. Du kan nok vente at elevane ombestemmer seg undervegs når det gjeld representasjonane dei vil bruke. Fortel dei at representasjonen dei vel, bør gjere størst mogleg inntrykk på den som ser det. Du kan til og med insistere på at dei skal prøve ut forskjellige representasjonar før dei vel ein.
Når datamaterialet er presentert visuelt, kan klassen lage ei utstilling. Be kvar gruppe om å lage eit lite infoskriv, slik at andre som ser på presentasjonen, kan forstå det er dei ser på. Dei som besøkjer utstillinga, kan vere elevane i klassen, men det kan også vere fint å invitere elevar frå andre klassar, foreldre eller andre lærarar.
Aktiviteten kan eventuelt gjerast til eit stort prosjekt med ei endeleg utstilling, med billettar, mat og drikke og mykje anna.
Elevane kan samle informasjon frå sin eigen klasse eller skule og representere funna, for eksempel:
Somme elevar vil ha behov for å sjå forskjellige representasjonar før dei kjenner seg trygge på å lage sine eigne. Oppfordre elevane til å gjere endringar undervegs – det er lett å endre tilbake! Kanskje treng dei også litt hjelp i starten til å prøve ulike representasjonar og sjå kva som eignar seg best. Be elevane vurdere om representasjonen deira er rettferdig, eller om han passar til konteksten.
Elevar i klasse 7A ved Byåsen skule har arbeidd med oppgåva og laga mange forskjellige representasjonar for å vise kor mange menneske det er frå dei forskjellige verdsdelane.
Lukas og Christoffer:
Kaja og Helle:
Martine, Kasper og Adrian:
Kristoffer og Torarin:
Lone teikna eit 10 x 10-kvadrat og fargela område som representerer dei forskjellige personane i landsbyen (éin prikk er éin person i landsbyen og 77 millionar i den verkelege verda):
Aila teikna eit søylediagram:
Emma teikna éin person som representerte kvar verdsdel, og skreiv talet ved sida:
Selihom fargela 100 kvadrat som representerer dei 100 innbyggjerane:
Vi fekk også inn ei anna løysing der 100 kvadrat er fargelagde, og der det i tillegg er skrive på talsymbol:
Kaja og Helle brukte rekneark og laga eit sektordiagram for å vise kor mange av dei 100 innbyggjarane i landsbyen som har fått koronavaksine (29.04.2021):
Ressursen er utviklet av NRICH