Gjennomsnittsalder
Problem
Summen av alderen til fem lærarar er 190 år.
Gjennomsnittsalderen til lærarane er 10 år høgare enn medianalderen. Typetalalderen er 5 år lågare enn medianalderen. Ein av lærarane er 56 år gammal.
Kor gamle er dei andre lærarane?
Løysing
Summen av alderen til dei fem lærarane er 190, så gjennomsnittsalderen er \(\frac{190}5=38\).
Gjennomsnittsalderen til lærarane er 10 år større enn medianalderen, så medianalderen må være 10 mindre enn 38, altså 28. Då kan vi setje opp alderen til dei fem lærarane slik: __, __, 28, __, __.
Typetalalderen er 5 år mindre enn medianalderen, altså 23. Vi veit at det må vere minst to lærarar som er 23 år gamle, sidan dette er typetalet. Då kan vi setje opp alderen til lærarane slik: 23, 23, 28, __, __.
Vi veit no at ein av dei to eldste lærarane er 56 år gammal, så fire av dei fem lærarane har aldrane 23, 23, 28 og 56. Ved å trekkje summen av desse aldrane frå den totale alderen, kan vi finne alderen til den siste læraren: \(190-23-23-28-56=60\).
Dermed kan vi setje opp alderen til dei fem lærarane: 23, 23, 28, 56 og 60.
Ressursen er utviklet av NRICH