Kor store er klassane?
Aktivitet
4. klasse laga diagram. Benjamin, Ali, Katrine og Charlie bestemde seg for å lage diagram som viste storleiken på dei sju klassane på skulen.
Dei gjekk på kontoret for å få oversikt over talet på elevar i alle dei andre klassane. Benjamin og Ali skreiv ned tala for 1., 2. og 3. klasse. Katrine og Charlie skreiv ned tala for 5., 6. og 7. klasse. Sjølvsagt visste alle kor mange elevar dei var i 4. klasse.
Benjamin og Ali teikna eit søylediagram. Det såg sånn ut:
Katrine og Charlie bestemde seg for å lage diagrammet sitt på ein annan måte. Dei teikna det slik:
Læraren kom og tok ein titt på arbeidet deira. «Det var eit interessant diagram», sa ho, «men det er litt vanskeleg å sjå kor mange elevar det er i kvar klasse. Kunne de lage ei enkel forklaring til diagrammet, slik at vi kan forstå det, alle saman?»
Og det gjorde Katrine og Charlie.
Kan du finne ut kor mange elevar det var totalt i 5., 6. og 7. klasse?
Kan du hjelpe Katrine og Charlie med å lage forklaring til diagrammet?
Starthjelp
Du kan finne talet på elevar som kvar strekmann står for, ved hjelp av dei to oversiktene for 4. klasse.
Løysing
Her finst det meir enn éi løysing! Korleis har du tenkt?
Her er ei mogleg løysing:
Vi ser av søylediagrammet til Benjamin og Ali at det er 36 elevar i 4. klasse.
I diagrammet til Katrine og Charlie er desse 36 elevane representerte som fire store og fire små strekmenn.
Dermed kan ein stor strekmann stå for 5 elevar og ein liten strekmann for 4 elevar.
Då får vi (4 x 5) + (4 x 4) = 20 + 16 = 36 elevar i 4. klasse.
I 5. klasse får vi 5 x 5 = 25 elever.
I 6. klasse får vi (4 x 5) + (5 x 4) = 20 + 20 = 40 elevar.
I 7. klasse får vi (4 x5) + (6x4) = 20 + 24 = 44 elevar.
Det vart ganske store klassar!
Men dei store og dei små strekmennene kan også stå for andre tal. Kan du finne fleire moglege løysingar?
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
Denne aktiviteten kan vere nyttig når elevane skal introduserast for eller gå gjennom ulike måtar å representere data på. Dei får høve til å vurdere målestokkane dei treng når dei skal lage søylediagram eller piktogram. Spørsmåla oppmodar dei til å samanlikne ulike representasjonar av same datamateriale.
Mange elevar på både barne- og ungdomsskulen set ikkje namn på aksa sine når dei representerer data. Denne aktiviteten kan bidra til at dei forstår kor viktig det er å vere tydeleg på kva ting står for i ein representasjon.
Mogleg tilnærming
Begynn aktiviteten med å la elevane finne talet på elevar i ulike klassar på skulen, og representere det ved hjelp av eit søylediagram på tavla.
Deretter kan dei jobbe parvis med sjølve oppgåva. Del gjerne ut kopiar av representasjonane i oppgåva, slik at dei kan sjå nøye på dei saman. Oppmod elevane til å dele tankar og diskutere med parteren sin, før de tek ein diskusjon i plenum.
På slutten av økta kan de diskutere både svara elevane har komme fram til, og framgangsmåtane dei brukte. Legg vekt på kvifor det er så viktig å gi aksa namn når ein lagar grafar og diagram.
Gode rettleiingsspørsmål
- Kva er eit rimeleg tal å prøve for dei store og for dei små strekmennene?
- Kva kan du finne ut om 4. klasse i søylediagrammet?
- Kan du finne talet som kvar strekmann står for, ut frå dei to grafane til 4. klasse?
Ressursen er utviklet av NRICH