Hobbyar i Karasjok
Problem
Ved ein skule i Karasjok spelar 15 elevar i korps, og 12 elevar går på dans.
Kor mange elevar er det som både spelar i korps og går på dans, dersom 13 elevar gjer berre éin av delane?
Løysing
Prøving og feiling med venndiagram
Det første venndiagrammet viser dei 15 elevane som spelar i korps, og dei 12 elevane som går på dans, som prikkar. I dette diagrammet er alle plasserte i berre éi av gruppene:
Når vi plasserer ein elev i det overlappande området, må vi ta ein frå kvar gruppe, sidan eleven som er i det overlappande området, er i begge gruppene. Det er framleis 15 elevar i korpsgruppa og 12 i dansegruppa:
For kvar elev som blir plassert i det overlappande området, minkar talet på elevar som er med i berre éi av gruppene, med 2. Vi kan halde fram med å flytte elevar over til det overlappande området heilt til talet på elevar som er med i berre éi gruppe, blir 13:
I det siste venndiagrammet ser vi at det er 13 elevar som er med i berre éi av gruppene, medan 7 elevar er med på både korps og dans.
Algebra og venndiagram
15 elevar spelar i korps, og 12 elevar går på dans. Det vil seie at det er 15 elevar i den grøne sirkelen og 12 elevar i den blå sirkelen.
Dei to sirklane kan overlappe kvarandre slik at dei dannar eit venndiagram:
Det fargelagde området (rosa + gul) inneheldt \(13 + \textrm{gult område}\).
Ved å leggje saman den grøne sirkelen og den blå sirkelen vil vi få dei same tala, bortsett frå at det overlappande området blir talt med to gonger. Det gir oss \(13+2\cdot \textrm{gult område}\) i staden.
Det vil seie at
\(\begin{align} 15+12&=13+2\cdot \textrm{gult område} \\ 14&=2\cdot \textrm{gult område} \\ 7&=\textrm{gult område} \end{align}\)
Det er 7 elevar som både spelar i korps og går på dans.
Vi kan også systematisere informasjonen i ein tabell for å løyse problemet.
Denne tabellen er fylt ut med omsyn til x, som svarar til talet på elevar i begge gruppene.
|
Dans |
|||
Korps |
|
Ja |
Nei |
Totalt |
Ja |
x |
15-x |
15 |
|
Nei |
12-x |
|
||
Totalt |
12 |
|
Vi veit at \(15-x\) og \(12-x\) til saman blir 13, altså \(15-x+12-x=13\).
Deretter kan vi løyse likninga:
\(\begin{align} 15-x+12-x&=13\\ 2x&=14\\ x&=7 \end{align}\)
Ressursen er utviklet av NRICH