Eg er åtte!
Aktivitet
Då eg kom inn i klasserommet tidlegare denne veka, kom ein av elevane springande bort til meg og fortalde at ho hadde bursdag. Ho vart åtte den dagen!
Gratulerer med dagen til alle som har bursdag når dei les dette!
Utfordringa denne gongen er å prøve å finne så mange reknestykke som råd som gir svaret 8.
Du kan for eksempel tenkje at 2 + 6 eller 22 – 14 blir 8.
Lag nokre eksempel der du bruker alle dei matematiske ideane du kjenner til.
Kanskje du kan lage reknestykke som ingen andre har tenkt på?
Dersom du ikkje er åtte år, kan du gjerne bruke din eigen alder i staden for 8.
Starthjelp
Bruk så mange rekneoperasjonar som du kan. Kan du bruke alle rekningsartane i eitt reknestykke?
Prøv å endre startpunktet i eitt av reknestykka dine, og vri litt på det for å få 8 til svar.
Løysing
Denne oppgåva har uendelg mange løysinger. Her er nokre eksempel:
5 + 3 = 8 1 + 7 = 8 0 + 8 = 8
8 - 0 = 8 10 - 2 = 8 13 - 5 = 8 - 20 + 28 = 8
24 : 3 = 8 2 ∙ 4 = 8 3 ∙ 3 - 1 = 8
52 - 17 = 8 4! - 42 = 8
Somme elevar tenkjer også at dei skal finne ulike typar oppgåver: tekstoppgåver, addisjonsoppgåver, subtraksjonsoppgåver, multiplikasjonsoppgåver, divisjonsoppgåver og oppgåver til ein tabell eller ei teikning. Bruk fantasien!
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
Denne aktiviteten kan begynne veldig enkelt, men han har eit stort potensial. Han kan stimulere nysgjerrigheita hos elevane, engasjere dei i krevjande matematisk arbeid og motivere dei til å utfordre og utvikle talforståinga si.
Du kan byggje vidare på den naturlege nysgjerrigheita hos elevane dersom du spør: «Eg lurer på kva som vil skje dersom vi …?»
Mogleg tilnærming
Introduser oppgåva og gi elevane tid til å skrive på ein miniwhiteboard (ev. eit ark). Dei skal lage eit reknestykke som gir 8 til svar. Kan dei lage eitt til? Endå eitt? Og endå eitt? Hald fram slik til dei har 5–6 reknestykke på whiteboarden sin. Deretter går elevane saman i par og deler idear.
Samle elevane og spør korleis dei opplevde det å bli bedne om å lage endå eit reknestykke, endå eitt og endå eitt. Då vart dei oppmuntra til å utfordre seg sjølve på ein måte som du ikkje klarer å få til dersom du ber dei skrive fem reknestykke på ein gong. Det kan også gjere elevane meir bevisste på at det ofte finst mange eksempel, ikkje berre det første dei kjem på.
La enkelte par dele nokre av ideane sine ved å skrive dei på tavla. Det kan vere nyttig å samle eksempla i fire grupper: addisjon, subtraksjon, multiplikasjon og divisjon, dersom det passar. Dette kan gjere det tydelegare kva rekningsartar elevane er tryggast på, og kor variert dei er i stand til å bruke dei. Dersom dei fleste reknestykka for eksempel involverer berre to tal for at svaret skal bli 8, kan du spørje om det går an å bruke tre, fire eller fem tal for at det skal bli 8. Dersom elevane stort sett har brukt addisjon, kan du spørje kva som skjer dersom dei begynner med eit tal som er større enn 8. Kva skjer dersom dei begynner med eit STORT tal? Kanskje dei då må subtrahere i fleire omgangar? Somme kan bli motiverte av å finne eksempel som ingen andre har kome på tidlegare.
Gi elevane god tid til å arbeide med denne aktiviteten, anten i par eller individuelt. Då får dei moglegheit til å vere kreative. I korte klassesamtalar kan du framheve ulike element ved utforskinga. Kanskje har somme oppdaga ulike mønster, for eksempel 1 + 7 eller 6 + 2. Her kan elevane gjerne skrive «osv.» dersom dei meiner mønstera held fram. Vi vil jo ikkje at dei skal bruke tida på å halde fram i det uendelege med mønster som dei har oppdaga. Dersom nokon har kome med eksempel som gir fleire moglegheiter til utforsking, for eksempel ved å lage reknestykke med meir enn to tal, kan det også trekkjast fram i korte klassesamtalar. Denne aktiviteten treng ikkje avsluttast med ein gong. Elevane kan finne han igjen og halde fram i ledige stunder eller når dei har lyst til det.
Gode rettleiingsspørsmål
- Kva har du har gjort her?
- Korleis har du fått desse reknestykka?
- Har du fleire som liknar på dette?
Mogleg utviding
Somme elevar lagar svært mange reknestykke som involverer subtraksjon der dei aukar startpunktet sitt med éin for kvar gong. La dei gjere det ei stund, så lenge dei har fruktbare diskusjonar om mønster og kor lenge mønstera vil halde fram. Likevel bør du utfordre dei til å finne andre strategiar, for eksempel bruke halvering – halvparten – i utforsking vidare. Sjølv om klassen ikkje har arbeidd mykje med halvering tidlegare, kan det hende elevane vil overraske deg!
Mogleg støtte
Til å begynne med kan det vere greitt å la elevane lage reknestykke med åtte fysiske objekt. Dei kan dele objekta i to mengder og seie for eksempel: «Denne mengda (f.eks. 3) pluss denne mengda (f.eks. 5) blir 8.»
Elevsvar
Elevar på 3. trinn ved Meldal barne- og ungdomsskule hadde talet 9 som dagens tal, og valde difor å prøve å lage så mange reknestykke som råd, som gir 9 som svar:
Ressursen er utviklet av NRICH