Bevisst handletur
Problem
I byen der eg bur, er det tre matbutikkar: Billys butikk, Mikkels mat og Sonjas supermarknad.
Denne veka har alle tre tilbod på nokre matvarer.
I Billys butikk sel dei matvarer med redusert pris.
Hos Mikkels mat kan du kjøpe matvarer der ein betaler ein viss prosent av full pris.
I Sonjas supermarknad har dei tilbod av typen «2 for 1».
Berre sjå her:
Kor mykje må du faktisk betale for kvar matvare i dei forskjellige butikkane? Kor mange pengar har du spart på kvar matvare?
Her er handlelista di:
- 2 flasker limonade
- 1 pose potetgull
- 24 pølser
- 1 pakke french fries
Dersom du kjøper alle matvarene i éin butikk, kva for ein er den billigaste å handle i?
Dersom du kan kjøpe varene i forskjellige butikkar, korleis vil du gjere det for å bruke minst mogleg pengar?
Kan du finne andre fordelar eller ulemper enn prisen med å kjøpe alt i éin butikk?
Du skal arrangere eit bursdagsmåltid for deg sjølv og ni venner. Du har 410 kr å handle for. Her er handlelista di:
- 4 flasker limonade
- 4 pakkar pølser
- 2 posar potetgull
- 2 pakkar french fries
- 2 pakkar kjeks
Kan du gjere dette utan å gå over budsjettet ditt? På kor mange måtar kan du kjøpe inn matvarene?
Kva for ein butikk har det beste tilbodet på kvar matvare? Kva må du finne ut for å svare på dette?
Er «2 for 1»-tilbodet i Sonjas supermarknad det same som dersom butikken hadde gitt 50 % avslag?
Ressursen er utviklet av NRICH