Meir tautrekking
Aktivitet
Dette spelet er for to spelarar.
Teikn ei tallinje frå
Vel kven som skal vere positiv, og kven som skal vere negativ. Den som er positiv, flytter brikka frå venstre mot høgre, og den som er negativ, flytter brikka frå høgre mot venstre.
Plasser brikka på 0.
Byt på å kaste terningane, og legg saman antalet auge. Flytt så brikka dette antalet i di retning.
Dersom brikka når -13, er det negativ som vinn. Dersom brikka når 13, er det positiv som vinn.
Er det best å spele med at de må treffe enden på tallinja nøyaktig, eller med at de kan gå over enden? Kva meiner de, og kvifor?
Endre spelet. Når de no kastar terningane, kan de velje om de vil addere, subtrahere, multiplisere eller dividere dei to tala de får. De må nå
Gjer dette spelet betre? Kva synest de? Kvifor/kvifor ikkje?
Kan de endre spelet på andre måtar?
Starthjelp
- Kor mange treng du for å nå din ende av tallinja?
- Kva får du dersom du adderer antalet auge på terningane?
- Kva får du dersom du subtraherer det eine antalet auge frå det andre?
- Kva får du dersom du multipliserer antalet auge med kvarandre?
- Kva får du dersom du dividerer det eine antalet auge med det andre?
- Gir nokre av desse svara deg rett tal? Dersom ikkje, kva for eit er nærast?
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
Dette spelet forsterkar forholdet mellom negative og positive tal. Den andre versjonen tek spelet til eit høgare nivå, sidan elevane må bestemme seg for kva for ein rekneoperasjon dei vil utføre, og kvifor.
Mogleg tilnærming
Begynn med å dele klassen i to lag, eit negativt og eit positivt, som skal spele mot kvarandre på tavla. Kast to terningar og sei tala høgt. Be ein ny elev frå kvart lag kome fram og flytte brikka kvar gong. Når de har spelt nokre gonger, kan du spørje klassen om dei meiner spelet ville vore betre dersom ein må nå enden på tallinja nøyaktig for å vinne. Bestem dykk for nokre nye reglar for å teste dette, og la så elevane spele i par. Det er ein verdifull aktivitet i seg sjølv å la elevane teikne tallinjene sjølve.
Samle klassen igjen og spør kva for ein versjon av spelet dei synest var best, og kvifor. Lytt særleg etter elevar som har ei klar grunngiving for meininga si. Introduser deretter den nye versjonen av spelet, der elevane kan addere, subtrahere, multiplisere eller dividere tala på terningane. Spel igjen med to lag på tavla, slik at elevane forstår korleis dei nye reglane er. Spør kvar gong du kastar terningane, kva dei ulike moglegheitene er, og diskuter kva som vil vere det beste for kvart lag, og kvifor. La så elevane spele i par på papir. Dei kan bestemme sjølve om brikka må nå enden på tallinja nøyaktig eller ikkje.
Spør klassen kva for ein versjon av spelet dei nå synest var best, og kvifor. Trekk fram responsar som handlar om at spelarane får meir kontroll når dei kan velje mellom rekneoperasjonar. Du kan foreslå at elevane no kan lage sine eigne reglar for at spelet skal bli endå betre, kanskje også over ein lengre tidsperiode. Set av plass på tavla eller veggen til desse ideane.
Gode rettleiingsspørsmål
- Er det betre å spele med regelen om at ein må nå enden på tallinja nøyaktig, enn at ein kan gå over enden? Kvifor?
- Skal vi addere, subtrahere, multiplisere eller dividere dei to tala? Kvifor?
- Er det betre å spele den versjonen der ein kan velje rekneoperasjon sjølv? Kvifor?
- Kan du finne på nokre andre reglar?
- Kva gjer spelet ditt betre enn dei andre versjonane?
Mogleg utviding
Du kan dra matematikken i spelet endå lengre ved å eksplisitt diskutere addisjon og subtraksjon med negative tal med elevane.
Ein annan variant av spelet er slik:
Elevane spelar på ei tallinje frå -20 til 20 og har kvar si brikke. I tillegg har dei ein positiv raud terning og ein negativ blå terning. Dei byter på å kaste terningane og finne ut kor mange plassar dei skal flytte. For eksempel gir raud 3 og blå 5 reknestykket 3 – 5 = -2, så dei må flytte to plassar mot -20.
Den første som når enden på den eine eller den andre sida, har vunne.
Mogleg støtte
Det kan vere lurt å ha nokre gongetabellar tilgjengeleg, slik at elevane ikkje treng å tenkje på utrekningane, men kan konsentrere seg om strategien.
Spelet «Tautrekking» er ein forenkla versjon av dette spelet, utan negative tal.
Ressursen er utviklet av NRICH