Bio-grafar
Aktivitet
Desse fire grafane kan brukast til å representere vekstratenAuking i prosent målt over tid. til nokre organismar. Kor mange moglegheiter kan du foreslå for kvar graf?
Kan du foreslå organismar som utviklar seg i samsvar med andre typar grafar?
Desse grafane har ingen einingar på aksane.
Kva for einingar og intervall vil du bruke på aksane for at grafane skal gi meir meining?
Starthjelp
- Kva for delar av grafane passar til vekstspurtar eller til langsam vekst?
- Tenk på nokre vanlege organismar, og skisser vekstgrafane deira. Kan nokre av dei passe med grafane i oppgåva?
- Den horisontale aksen er ein tidsskala, men den vertikale aksen kan vere kva som helst vekstparameter (høgde, masse, lengde, storleik på populasjonen, osv.)
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
I denne oppgåva får elevane arbeide med betydninga av grafisk representasjon, utan at dei treng å bruke algebra eller gjere utrekningar for å teikne grafar. Oppgåva legg også til rette for at elevane skal tenkje på skilnader og likskapar mellom vekstprosessar i biologien.
Mogleg tilnærming
Denne oppgåva eignar seg godt til gruppediskusjonar. Oppfordre elevane til å gjere greie for resonneringa si så tydeleg og presist som mogleg for kvar forklaring eller idé dei har til grafane. Du kan for eksempel dele elevane inn i grupper og samanlikne forklaringane til dei forskjellige gruppene. Kven har den mest gyldige forklaringa til kvar graf? Kvifor er ei av forklaringane meir sannsynleg enn ei anna?
Gode rettleiingsspørsmål
- Kan nokre av vekstprosessane i biologien passe med grafane i oppgåva?
- Kva for einingar kan du setje på aksane for kvar graf?
Mogleg utviding
- Finst det grafar med andre former som kan brukast til å modellere andre naturlege vekstprosessar?
- Korleis vil du beskrive desse grafane algebraisk? Kan du skrive ned likningar der grafane samsvarar med forma på kurvene i denne oppgåva?
Mogleg støtte
La elevane bla i naturfagbøker eller biologibøker for å leite etter grafar, diagram og tabellar. Legg dei merke til nokre diagram som blir nytta meir frekvent enn andre? Kan dei setje dei saman med nokre av grafane i denne oppgåva?
Ressursen er utviklet av NRICH