På vegen!
Problem
I denne oppgåva skal du vurdere risiko ut frå nokre grafar som viser statistikk om trafikkulykker på norske vegar. All statistikk i oppgåva er henta frå Statistisk sentralbyrå 5. desember 2022.
Før du les vidare, skal du tenkje litt over kor risikabelt det er å bevege seg i trafikken, som fotgjengar, syklist eller passasjer i bil. Kor sannsynleg er det at du vil bli involvert i ei trafikkulykke?
Diagrammet viser kor mange personar frå 0 til 19 år som var involverte i trafikkulykker med personskade i 2021.
- Kva legg du merke til i diagrammet?
- Kan du tenkje deg kvifor søylene har så ulik høgde?
I tabellen ser du kor mange personar det var i kvar aldersgruppe i 2021.
Korleis påverkar denne statistikken det du tenkjer om kor risikabelt det er å ferdast i trafikken?
Gutter | Jenter | |
---|---|---|
0-5 år | 176 875 | 166 889 |
6-15 år | 328 704 | 312 379 |
16-17 år | 65 055 | 61 788 |
18-19 år | 64 649 | 61 451 |
Diagrammet nedanfor viser kor mange personar frå 0 til 19 år som var involverte i trafikkulykker i 2021, fordelte etter kjønn og skadegrad.
- Korleis er søylene for jenter og gutar samanlikna med kvarandre?
- Korleis er søylene for dei ulike aldersgruppene sammenlikna med kvarandre?
- Kan du kome på nokre forklaringar på det du observerer?
Sektordiagrammet viser prosentvis fordeling av personar i alderen 0–19 år som var involverte i trafikkulykker i 2021, fordelte etter transportmiddel og skadegrad.
- Kan du ut frå diagrammet seie noko om kva som er den mest og den minst trygge transportmåten for å unngå trafikkulykker?
- Kva annan informasjon må du ha for at du skal kunne ta eit velinformert val om kva som er mest og minst trygt?
- Er det andre faktorar som kan påverke kor risikable dei forskjellige transportmåtane er?
Starthjelp
- Reiser alle saman på dei same vegane?
- Er det like mange som brukar kvar av dei forskjellige transportmåtane?
- Brukar alle saman like lang tid på vegen?
- Reiser alle saman like langt?
Ressursen er utviklet av NRICH