Juletre
Aktivitet
Vaktmeisteren har kjøpt inn eit juletre som skal setjast opp i skulegarden. Ho skal pynte heile juletreet med lyslenkjer.
Kor mange meter med lyslenkjer treng vaktmeisteren?
Starthjelp
Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering.
Mogleg tilnærming
I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.
Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.
Gode rettleiingsspørsmål
- Korleis skal lysa henge på treet?
Mogleg støtte
La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.
- Kor stort er juletreet?
- Kva form har juletreet?
- Kor mykje lys skal det vere på treet?
- Kor lang er éi lyslenkje?
- Trengst det fleire lyslenkjer?
Ressursen er utviklet av Matematikksenteret