St. Ursen katedralen
Aktivitet
Biletet viser St. Ursen katedralen i Sveits.
Kor høg er katedralen?
Starthjelp
Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering.
Mogleg tilnærming
I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.
Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.
Gode rettleiingsspørsmål
- Kan de sjå noko anna enn katedralen på biletet som kan vere til hjelp?
- Veit de høgda til noko anna på biletet?
Mogleg støtte
La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.
- Kva er det høgaste punktet på katedralen?
Ideen er henta frå Rita Borromeo Ferri i «Learning How to Teach Mathematical Modeling in School and Teacher Education», 2018, 53.
Ressursen er utviklet av Matematikksenteret