Læreplankoblet

Fem kilometer kø

Stikkord: Modellering

Aktivitet

Faksimile fra Aftenposten.no. Her var det 5 kilometer kø i morges. Slik kan det også bli i neste uke.

Kor mange køyretøy kan det ha vore i køen?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.
 

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Kva køyretøy er i køen?
  • Kor mange av kvart køyretøy?
  • Kor lange er køyretøya?
  • Kor stor avstand kan det vere mellom køyretøya?
  • Står køen i ro eller går den sakte framover? Har det innverknad på avstanden mellom køyretøya?

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

8,9,10