Kvifor arbeide med denne oppgåva?
Når vi arbeider med andregradsfunksjonar, bruker vi mange faguttrykk som er nye for elevane. Tanken med denne aktiviteten er at elevane skal få kjennskap til dei fleste omgrepa når dei begynner å arbeide med andregradsfunksjonar. Det inneber også å sjå på nokre samanhengar mellom graf og funksjonsuttrykk.
Mogleg tilnærming
Du kan vurdere kva som passar best for dine elevar. Kanskje må du fortelje litt om dei nye omgrepa før dei får begynne å arbeide på eiga hand, eller så kan dei få den første oppgåva utan vidare forklaring først.
Oppgaven fins på en kopioriginal her. Du kan skrive dei ut i førevegen, klippe opp rutene og leggje setta frå kvar kopioriginal i kvar sin konvolutt. Tala og omgrepa som er nytta, er knytte til funksjonen \(g(x)=2x^2-8x+6\)
og grafen til denne funksjonen. Elevane må få sjå funksjonsuttrykket og grafen heile tida medan dei arbeider, anten på tavla eller ved at dei teiknar grafen kvar for seg i GeoGebra.
La elevane arbeide i par. Fortel dei at i konvolutten ligg det fleire brikker som skal ordnast i triplar som høyrer saman. Det er brukt tre ulike fargar, og det skal vere ein av kvar farge i kvar trippel. Alternativt kan kvart par få eit ark der dei skal forbinde med strekar ei rute i kvar kolonne som høyrer saman.
Følg med medan elevane arbeider. Kanskje vil du oppdage at dei intuitivt ser kva som høyrer saman, eller at dei kjenner ein del omgrep frå før. Kanskje får du eit inntrykk av kva for omgrep dei synest er vanskelege. Når dei fleste er ferdige, er det tid for ein felles samtale der de diskuterer og set alt på plass. Er det noko som er uklart eller vanskeleg? Dukkar det opp fleire spørsmål under arbeidet, er det bra å få avklart det også.
I arbeidet vidare med andregradsfunksjonar bruker vi desse omgrepa bevisst slik at dei fort kan feste seg og bli ein del av det felles fagspråket.
Det neste punktet er at elevane sjølve skal teikne grafen på papir. Dei kjem truleg sjeldan til å teikne grafar på papir, men litt erfaring må dei få. Det første er å teikne grafen dei alt har arbeidd med. Her kan utfordringa kanskje vere å fylle ut tala i tabellen, særleg å rekne ut y-verdiane der x er negative tal. Bruk tid på å diskutere og avklare dette.
Du må også følgje med på teikneprosessen. Det er ikkje lov å bruke linjal. Og grafen skal ha ein fin boge der han snur – han skal ikkje vere spiss. Summer opp i fellesskap dei eigenskapane som karakteriserer parablar.
Oppgåve 3 har tre nye funksjonar som elevane skal teikne grafar til på papir. Kanskje kan det vere ei ekstra øving, kanskje ei lekse. Men spørsmåla som følgjer oppgåvene, må diskuterast og avklarast i heile klassen.
Til slutt kan det vere ein idé å la elevane skrive ein læringslogg der dei samlar alle nye omgrep og knyter dei til funksjonsuttrykket eller til grafen.
Gode rettleiingsspørsmål
- Må ein andregradsfunksjon innehalde både andregradsledd, førstegradsledd og konstantledd?
- Kva ledd må funksjonsuttrykket innehalde?
- Korleis reknar du ut andregradsleddet i funksjonar når du fyller ut tabellar?
- Korleis reknar du ut funksjonsverdiane for negative x-verdiar?
- Korleis reknar du ut andregradsleddet når koeffisienten er negativ?
- Ser du nokre symmetriar i punkta, anten i tabellen eller i det du har teikna? Kan du bruke det til å kontrollere at du har rekna og teikna rett?
Mogleg utviding
Denne aktiviteten er den første i ein serie om andregradsfunksjonar: