Læreplankoblet

Talpyramidar

Aktivitet

Denne oppgåva handlar om å finne differansen mellom tal som har same siffer på tiar-plassen.

Her er to eksempel der det er brukt tal med 2 på tiarplassen.

To tallpyramider, den første med tallene 24 og 21 nederst og tallet 3 over disse, den andre med tallene 22 og 29 nederst, og tallet 7 over.

Det øvste talet i pyramiden er alltid differansen mellom tala som står under.

Kan du finne to tal med differanse 1, 2, 3, 4 osv.?

Kan du finne meir enn éin måte å gjere det på?

Starthjelp

Begynn med å bestemme kva multippel av 10 du vil arbeide med. Er det 10, 20, 30, 40, 50, 60, 70, 80 eller 90?

Vel så to tal, og finn differansen mellom dei.

Lærarrettleiing

Kvifor skal vi arbeide med denne oppgåva?

I denne oppgåva kan elevane kan øve seg på å finne små differansar mellom to tosifra tal. Dei bør notere resultata sine, oppdage mønster og sjå for seg svar.

Mogleg tilnærming

Det kan vere nødvendig å minne elevane på kva det betyr å finne differansen mellom tal, og kva slags strategiar ein kan bruke for å gjere det.

Ein måte å begynne denne aktiviteten på er ved å bruke einsifra tal nedst, kanskje 7 og 9. Då blir det mogleg å diskutere korleis ein finn differansen, og korleis ein skriv han øvst.

I plenum kan ein utforske andre moglegheiter der differansen blir 2, ved å bruke einsifra tal (1 og 3, 2 og 4). Alle funna bør noterast slik at elevane kan begynne å leggje merke til mønster.

Når elevane begynner på hovuddelen av oppgåva, kan dei for eksempel leite etter ulike måtar for å få ein differanse på 5 ved å bruke 20-tala (21 og 26, 22 og 27), eller dei kan arbeide på tvers av fleire tal (21 og 26, 31 og 36, 43 og 48). De bør notere funna sine og sjå etter mønster frå byrjinga. Dette arket med tomme pyramidar kan vere nyttig.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kva er differansen mellom tala?
  • Er det andre tal som har same differansen?
  • Kan du sjå eit mønster?

Mogleg utviding

Utviding 1:

Denne gongen er det tre tal nedst i pyramiden (alle har same tal på tiarplassen), men elles er pyramiden bygd opp på same måten.

3 er differansen mellom 24 og 21.

5 er differansen mellom 21 og 26.

2 er differansen mellom 3 og 5.

Tallpyramide med tre rader, på nederste rad står tallene 24, 21, 26, i midten står tallene 3 og fem, og øverst står tallet 2.

Elevane kan lage sine eigne pyramidar. Her er eit ark med pyramidar på tre «etasjar».

Utviding 2:

Kan elevane finne ulike pyramidar som har same tal øvst?

Mogleg støtte

Somme elevar kan ha nytte av eit hundrekart eller ei tallinje.

 

Ressursen er utviklet av NRICH

8