Stolleiken med terning

Stikkord: Tall og telling

Aktivitet

Til denne aktiviteten treng du 6 stolar, ein terning og minst 6 barn. Set stolane ved sida av kvarandre. Den første stolen er stol nummer 1, den neste er stol nummer 2 osb. heilt til stol nummer 6. Involver barna i å beskrive rekkjefølgja av stolane.

Oppvarming:

For å støtte at barna hugsar rekkjefølgja på stolane kan du be dei gjere ulike ting med dei ulike stolane. Gi eitt og eitt barn ulike instruksjonar, som til dømes:

  • Sett deg på stol nummer 5.
  • Stå på den første stolen.
  • Legg deg under stol nummer 6
  • Stå ved sida av stol nummer 3
  • Fortel meg kva stol Ida sit på. Kva stolar er ved sida av?

Når alle har fått ein plass, gjer du aktiviteten fleire gonger og varierer på kva instruksjonar du gir frå gong til gong. Ver tydeleg i omgrepsbruken, og legg til rette for at alle barna får mange erfaringar med korleis stolane er plassert. Bruk omgrep som: Tallordane (første, femte, nummer 3 osb.) og plasseringsord (over, under, ved sida av osb.).

Stolleiken:

Barna stiller seg på rekkje og kastar terning etter tur. Talet på auge på terningen avgjer kva stol barnet skal setje seg på. Viss første barn til dømes får terningkast 5, så skal barnet setje seg på stol nummer 5. Etter kvart vil barna få terningkast som peikar på stolar der det allereie sit eit barn frå før. Då skal barnet som kasta terningen ta over stolen, og barnet som sat på stolen skal stille seg bakarst i køen for å kaste terning. På den måten blir det ofte utskifting av barn som sit på stolane. Aktiviteten er over når alle stolane er fylte opp, altså at det sit barn på alle seks stolane. Dette kan gjerne markerast ved at barna tek bølgja, stiller seg på stolane, syng ein song eller noko anna. Og så kan aktiviteten starte på nytt.

Lærarrettleiing

Kvifor jobbe med denne aktiviteten?

I denne aktiviteten får barna fleire erfaringar med terning samtidig som dei er i rørsle. I aktiviteten deltek alle barna samtidig, og alle er vinnarar.

I denne aktiviteten har barna høve til å få erfaringar med terningssymboler, og dessutan visualisering av talrekkja frå 1-6. Ved at stolane ikkje er nummererte må barna danne seg eit mentalt bilete av talrekkja. Dei barna som har behov for det kan telje stolane, men etter kvart som leiken går framover vil barna kunne “sjå” nummereringa av stolane direkte. Til dømes vil eit barn tidleg i leiken kanskje telje seg fram til stol nummer 5, men etter kvart vil barnet oppdage at dette er den nest siste stolen. Barna får dermed rike erfaringar med rekkjefølgja til tala. Merk at denne aktiviteten handlar om rekkjefølgja til tala, og ikkje så mykje om tal. Stol nummer 4 er den fjerde stolen, men det er berre éin stol. Aktiviteten er derfor fin som ein introduksjon til ordinaltall og omgrep knytt til rekkjefølgje. Til dømes omgrep som første, andre, tredje, neste, etterpå, siste, førre og i mellom.

Rammeplanen minner oss på at vi skal leggje til rette for at barna oppdagar og undrar seg over samanhengar eksempelvis i tala, og at barna gjennom varierte og leikande aktivitetar får eit rikt innhald i talomgrepet sitt.

Rammeplanmål:

Gjennom arbeid med tal, rom og form skal barnehagen bidra til at barna

  • oppdagar og undrar seg over matematiske samanhengar
  • utviklar forståing for grunnleggjande matematiske omgrep
  • leikar og eksperimenterer med tal, mengd og teljing og får erfaring med ulike måtar å uttrykkje dette på

Mogleg utviding:

Det er mogleg å utvide stolleiken til å inkludere fleire stolar og barn, men det krev ein annan type terning. Til dømes finst det terningar frå 1-10 eller frå 1-12. Det er også mogleg å erstatte terningen med lappar med bilete eller talsymbol på. Barna kan då trekkje ein lapp i blinde, og deretter setje seg på stolen som høyrer til.

Send inn elevsvar

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

17